no
en

Varsler

Ingen aktive varsler
Se tidligere varsler

Spørsmål og svar

Gruppe unge som sitter inne i en sofa med telefon i handa
Foto: Johnér

Her finn du svar på vanlege spørsmål.

Kan eg skru av varsel?

Naudvarsel har fleire nivå. Det er ikkje mogleg å skru av varsel om dei mest alvorlege hendingane eller nasjonale varslingsprøver. For mindre alvorlege hendingar er det mogleg å velje bort varsel. Dette gjer du ved å endre oppsett i innstillingane på telefonen. 

 

Får eg varsel i utlandet?

Du får ikkje varsel for Noreg når du er i utlandet.

Viss du bruker mobiltelefon med norsk SIM-kort i utlandet, kan du få Cell Broadcast-varsel frå styresmaktene i landet dersom du er i eit land som har aktivert dette, og mobiltelefonen din støtter slike varsel.

 

Kvifor er berre 4G og 5G støtta?

Noreg har godt utbygd dekning for 4G, og vil også få god 5G-dekning. 2G-nettet blir i stadig mindre grad nytta til mobiltelefoni, og skal etter planen fasast ut om få år.

 

Korleis blir eg varsla dersom eg ikkje har mobiltelefon?

Naudvarsel på mobil er eit tillegg til andre former for varsling av folkesetnaden. Ved ei krise vil informasjon bli gitt både via nyheitsmedium / tradisjonelle medium, radio og sosiale medium. Ved store og alvorlege hendingar kan også varslingsanlegga bli nytta.

Kva språk kjem eit naudvarsel på?

Naudvarsel kjem på norsk (bokmål) og engelsk. Det er språkinnstillingane på telefonen din som avgjer kva språk som blir vist. Nokre telefonar viser naudvarsel på begge språk. 

 

Kan eg reservere meg (eller barnet mitt / andre) mot å få varsel?

Det er ikkje mogleg å reservere seg mot å få naudvarsel på dei øvste varslingsnivåa. Desse blir nytta dersom styresmaktene meiner det kan redde liv og helse. For dei lågare varslingsnivåa kan du sjølv endre innstillingane for mottak. Dette gjer du i telefoninnstillingane.

 

Får eg varslar dersom eg ikkje har dekning?

Utsending av varsel skjer over 4G- og 5G-nettet. Dersom du ikkje har dekning eller berre har 2G-dekning, så kan du ikkje få varsel. I Noreg er det tilnærma lik 4G-dekning og 2G-dekning.

 

Dersom operatøren min har problem med dekninga, kan eg da få varslar via nettet til andre operatørar?

Dersom operatøren din ikkje har dekning, så kan du ikkje få varslar frå ein annan operatør. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) tilrår medlemer i ein familie å velgje abonnement frå ulike mobiloperatørar for styrkt beredskap.

 

Er alle mobiloperatørane klare til å senda ut varslar?

Ja, Ice, Telia og Telenor er no klare for at Naudvarsel kan sendast ut over deira mobilnett. 

 

Får eg som har kontantkort også varslar?

Ja, dei med kontantkort vil på same måte som dei med andre abonnement få varslar.

 

Får dei med utanlandsk SIM-kort varsel i Noreg?

Ja, dei som er gjestar i norske mobilnett vil få varsel på same måte som norske abonnentar. Dersom telefonen er satt opp med eit anna språk enn norsk, så får dei varsel både på norsk og engelsk. 

 

Får kundar med prioritert abonnement varsel når dei gjestar eit anna mobilnett? 

Ja, det vil dei. Dei vil bli varsla gjennom det nettet dei gjestar.

 

Dersom du ikkje har SIM-kort i mobiltelefonen, får du då varsel?

Nokre mobiltelefonar kan få varsel sjølv om dei ikkje har SIM-kort. For å vere sikker på å få varsel, må telefonen ha SIM-kort eller eSIM.

 

Kva skjer dersom basestasjonen ikkje har straum?

Om det er overlappande dekning frå fleire basestasjonar, så kan du få varsel. Dersom alle basestasjonar i eit område er utilgjengelege, så kan det ikkje sendast ut varsel der.

 

Er tenesta utvikla for å vere tilgjengeleg også for dei som har utfordringar med å lesa?

Eit naudvarsel kjem med høg sireneliknande lyd og vibrering. Om du ikkje kan lesa teksten, så kan du få teksten lest opp, om telefonen din støttar tekst til tale.

 

Må styresmaktene vite kor eg oppheld meg for å kunne sende meg eit naudvarsel?

Naudvarsel blir send ut til mobiltelefonar, og verken styresmaktene eller mobiloperatørane veit kven som får varsel.

 

Korleis verkar Naudvarsel og høyreapparat?

NAV Hjelpemiddelsentral har testa høyreapparat og Naudvarsel. Dei fekk desse resultata:

Sony Xperia 10 IV mot Phonak Marvel høyreapparat (MFA-Made for all) – Fungerte fint. Alarmlyden kom både i høgtalaren på telefonen og høyreapparata. Fekk også tekstmeldinga lest opp i høyreapparata.

iPhone 12 mot Phonak Marvel høyreapparat (MFA-Made for all) – Fungerte fint. Her kom alarmen både i høgtalaren på telefonen og i høyreapparatet.

iPhone X med tilkopla Oticon OPN høyreapparata (MFI-made for iPhone) – Alarmlyden kom i høgtalaren på telefonen, men usikker på om alarmlyden kom via høyreapparata, då alarmen frå høgtalaren på telefonen var sterk/dominerande og høyreapparata stilt svakt (til testarens normale høyrsle).

 

 

Les også